Alle menneske skal erfare respekt, rettferd og omsorg!

Også dei med eit rusproblem!

Ei av mine stoltaste stunder var då eg fekk tilbod om jobb i Kirkens Bymisjon i Bergen. Etter fem hektiske månader i jobben som avdelingsleiar for mellom anna våre tilbod innan lågterskel rusomsorg er eg, om mogleg, meir stolt enn nokon gong. 

Kirkens Bymisjon er ein av dei eldste diakonale organisasjonane i Norge, og har i heile si tid hatt fokus på å endre menneskes livsvilkår. Vi ynskjer å vere nær menneske som av ei eller anna årsak slit med utfordringar i livet, noko vi alle kan kjenne på med jamne eller ujamne mellomrom. I Bergen har vi eit stort mangfald av tiltak til menneske i byen vår – rus, stigma, prostitusjon eller annan form for utanforskap. Eit grunntrekk gjennom Kirkens Bymisjons historie har vært ynskje om å vere nær dei vanskelegaste stilte i samfunnet. 

I Bergen er vi nær mellom anna menneske med rusproblem. Vi vil gi øyeblikksomsorg, vi vil vere ein samtalepartnar, vi vil låne vekk datamaskina vår, vi vil gje ei hand å halde i, vi vil tilby ein telefon å ringe frå, vi vil by på eit varmt næringsrikt måltid, vi vil dele ein kopp kaffi, vi vil gi eit varmt skjerf kring halsen, vi vil vere ein trygg stad å vere – utan å krevje noko attende. Våre tilsette har helse- og sosialfagleg utdanning og lang erfaring, og følgjer opp gjestar som treng dette. Mange er veldig alvorleg sjuke, og treng nokon som kan følgje med og sørge for at det offentlege fangar opp dei hjelpebehova som er. Vi vil vere i mellomromma der det offentlege tilbodet ikkje strekk til, fordi dei menneska som hamnar i desse mellomromma fortener det, og fordi vi bryr oss. 

Møtestedet og Hallvardstuen, to av våre tiltak innan lågterskel rusomsorg, feira i år 15 års drift. 15 år er lang tid, og mykje har endra seg på desse åra. Mange av gjestane våre har imidlertid følgt oss alle desse 15 åra, og fleire av våre tilsette har vore med på denne lange reisa. Det betyr mellom anna at relasjonar har fått høve til å vokse seg gode og sterke, og kanskje er dette den einaste stabile relasjonen våre gjestar har i livet. Dette betyr noko! Når ein av gjestane våre seier at «Før tok eg en Sobril, no går eg på Hallvardstuen» så betyr det noko! Det betyr at våre tilsette utgjer ein forskjell! Og dette er realisering av vår visjon i praksis: Alle menneske skal erfare respekt, rettferd og omsorg! 

Vi er også heldige som bur i ein by der politikarar tar ansvar og der byrådet følgjer opp omfattande planverk innan rusomsorg. Når politikarane no set inn tilbod og innsats der Kirkens Bymisjon tidlegare har ytt tenester, må vi sjå kva vi kan gjere for å fylle dei gjenverande mellomromma, og kanskje nye som dukkar opp. Vi må vere omstillingsdyktige og klare å sjå handlingsromma dette skaper. 

Byrådet i Bergen vedtok i 2018 at Bergen skal vere den første menneskerettsbyen i Noreg. Vi er privilegerte som bur i ein slik by. Eit slikt vedtak betyr noko! Det betyr mellom anna nettopp at alle menneske skal erfare respekt, rettferd og omsorg.  

Kirkens Bymisjon i Bergen jobbar i desse dagar med å finne ut kva type rusomsorg våre gjestar treng, og korleis vi best kan yte denne omsorga. Vi jobbar i dag i tronge lokale i Hollendergaten og i Lille Øvregate. På Møtestedet er det sitteplass til 15 samstundes – i beste fall. Når vi samstundes veit at vi serverer mellom 80 og 100 varme måltid kvar dag, så er innlysande at vi treng ein ny stad å vere. I tillegg er den vakre gata vi ligg i for eit smau å rekne – og då kan det bli noko trongt for både gjestar, naboar og turistar. Derfor skal vi flytte. Vi skal flytte til eit betre lokale med eit betre og luftigare uteareal, der vi kan yte endå betre tenester.  

Gjennom denne prosessen og dette arbeidet vil eg halde fram med å fortelje med høg stemme og høgt heva hovud at eg er stolt av å jobbe i Kirkens Bymisjon. Eg er stolt og eg er audmjuk! Audmjuk overfor mine kollegaer som står på for å gjere dagen til våre gjestar litt betre, litt varmare, litt meir stabil, litt tryggare – og eg er uendeleg stolt over den innsatsen dei yter og at dei gir rom for alle!»