Gje papirlause helsehjelp!

Me kan ikkje fortsette som før å la folk gå til grunne mellom oss. Då går me til grunne med dei.

Klassekampen set i lørdagens hovudartikkel søkelys på papirlause sin situasjon og mangel på rettar i det norske samfunnet. Grete Brochmann talar for å fortsetje som før og ikkje gje rettar til dei usynlege papirlause. Ifølge henne vil ei utviding av rettane vere å be om problem for framtida. Det verkelege problemet handlar ikkje om oss innanfor systemet, men at den politikken som vert ført i dag har store menneskelege kostnader for dei utanfor.

Dette erfarer me kvar dag på Helsesenteret for papirløse migranter, eit senter drive av Kirkens Bymisjon og Røde Kors for personar utan oppholdstillatelse.

Papirlause, utanom gravide og born har stort sett berre rett til øyeblikkelig hjelp. Dei skal og i utgangspunktet betale for all helsehjelp. Dette fører til at mange går sjuke utan å få behandling. Me har sett det så mange gonger.

Sist veke hadde me ein kar som hadde vore 11 år i Norge utan å ha vore til lege. Når han endeleg hadde tillit til å oppsøke oss, eit gratis tilbod, viste det seg at den kalde kjensla i bringa kanskje var ein alvorleg hjartesjukdom.

Dette fører seg inn i rekka med pasientar med psykisk sjukdom, langtkomen kreft, svulstar eller seinverknader av diabetes som kunne vore behandla på eit langt tidlegare tidspunkt. Me ser og uttrykk for at dei lever under svært tronge kår og vert utnytta både fysisk og økonomisk i arbeidslivet.

Sjå på kva europeiske land gjer

I staden for å samanlikne oss med USA som er lite treffande, la oss heller sjå på kva europeiske land gjer. Frankrike har ei ordning der papirløse som har vore over 3 mnd kan søke om eit helsekort der dei kan få samme helsehjelp som borgarar. Nederland, Italia og England har helseordningar for papirløse. Sverige likestilte helserettane til papirløse med asylsøkjarar i 2013 og siste evaluering har vist at det kosta mindre enn det ein trudde det skulle gjera.

EU`s Agency for Fundamental Rights ga ut rapporten Cost of exclusion from healthcare i 2015. Der viste dei at det ved fleire høve var samfunnsøkonomisk å gje helsehjelp til papirlause på eit tidleg tidspunkt i staden for å vente til at det vart øyeblikkelig hjelp.

Kjem av heilt andre grunnar

Erfaringar frå Helsesenteret har vist at det er stort sett primærhelsetjenester papirlause treng tilgang til. Det er heilt andre grunnar til at folk kjem til Noreg enn at dei skal få seg ein fastlege. Ei kartlegging Leger i Verden gjorde i 2014 viste at kun 2% oppga at helseproblem var grunnen til at dei hadde migrert til Europa.

Eg er glad Helsedirektoratet har skjønt dette då dei allerede i 2009 anbefalte i rapporten Migrasjon og helse – utfordringer og utviklingstrekk at «også papirløse skal gis eksplisitt rett til forebyggende og kurative helsetjenester i primærhelsetjenesten» og at «for sårbare grupper som barn, personer med funksjonshemninger, gravide kvinner og eldre bør tilbudet være på linje med tilbudet til befolkningen for øvrig.»

Opprop til regjeringen

Grunnlagt på Helsesenteret sine erfaringar sendte Kirkens Bymisjon, Røde Kors og ni andre organisasjoner eit opprop til Helseministeren i februar 2015. Oppropet «oppfordrer regjeringen til å gi papirløse som oppholder seg i Norge reell tilgang til helsehjelp, basert på medisinske vurderinger, yrkesetiske retningslinjer og menneskerettslige prinsipper.» Fire organisasjonar har tilslutta seg oppropet i ettertid. Ein avventar framleis svar frå departementet.

Papirlause er her og er ein del av det norske samfunnet om ein likar det eller ikkje. Slik er det i dei fleste land i verda. Norge er ein del av EØS og Schengen. I tillegg har me forpliktelsar til å ta imot menneske som søkjer vern.

Sjølv i eit vern av den norske modellen kan me ikkje fortsette som før å la folk gå til grunne mellom oss. Då går me til grunne med dei.

PS! Denne teksten sto første gang på trykk i Klassekampen.

LES OGSÅ:


Frode Eick

Daglig leder på Helsesenteret for papirløse

Jeg er daglig leder på Helsesenteret for papirløse, som drives av Kirkens Bymisjon og Røde Kors. Jeg blogger om mine erfaringer fra Helsesenteret, og kjemper for at papirløse som oppholder seg i Norge skal få reell tilgang til helsehjelp, basert på medisinske vurderinger, yrkesetiske retningslinjer og menneskerettslige prinsipper.

Se flere innlegg av Frode Eick